Eg er student i begynnelsen av tjueåra og har brukt linser/briller siden eg var 16. Eg har tenkt på å operere augene i fleire år, men utsatte det på grunn av dårlig økonomi. Då eg i mars byrja å gå tom for kontaktlinser igjen, starta eg å leite på nettet etter informasjon om synskorrigering. Eg fant nettsida til Bergen øyelegesenter og fant ut at operasjonen ikkje blei så dyr som eg hadde trudd. I tillegg kunne eg få eit års rentefri nedbetaling og studentrabatt. Dette er den einaste grunnen til at eg kunne få utført operasjonen, då ein som student sjelden har mykje kapital.
Eg kontakta øyelegesenteret og fekk komma på undersøkelse innan ei veke. Då vart augene grundig undersøkt og eg fekk god informasjon om operasjonar som var moglege og gode svar på spørsål eg hadde. Øyelegen anbefalte ein operasjon som hadde mindre sjanse for komplikasjoner enn den eg hadde lest om, og siden eg var fast bestemt på å fiksa synet kunne eg komma inn allerede neste dag. Eg blei godt tatt vare på operasjonsdagen og sjølve operasjonen gjekk veldig fint, raskt og smertefritt. I dagene etter operasjonen var eg lyssky og hadde litt ubehag, men dette gjekk over etter tre dager. Eg er veldig fornøyd med resultatet og angrar ikkje eitt sekund på operasjonen. Eg ser bedre og slepp å tenka på liser og briller lenger! — Hilde, Bergen